måndag, mai 28, 2007

KRIK-dag.

Varm dusj, varm dusj, varm dusj... Det va omtrent einaste tanken som gjekk gjennom haudet mitt etter å ha kome ned frå ein ganske så våt og kald fjelltur til Holstadhornet og Skafjellet.. Oppmøtet var det ganske så dårlig med. Ej, Sunniva, Una, Mario, BC og Torstein va dei einaste KRIK'arane som møtte opp... Kanskje fordi ingen av oss hadde fått skikkeleg med seg vérmeldinga?


Véret va egentli heilt greit, heilt til vi skulle ha pause.. En kan sei det slik at engongsgrillen vår fekk møte STOR motstand! :p På toppen av Skafjellet begynte det å hagle og blåse. Det skal ikkje hagle i slutten av mai! Svoltne og kalde bestemte vi oss for å gå ned igjen.

Når vi va nesten heilt nede igjen, titta sola fram, og vi bestemte oss for å ta fram grillen atter ein gong.. Men vérgudane va tydligvis ikkje på vår side denne dagen. Det begynte å regne, men grille skulle vi uansett:p Ved å holde jakke over grillen og nesten bruke opp ei fyrstikk-eske, fekk vi fyr:) Svidd grillmat he aldri smakt så godt før!! Det blei mykje fliring og gode kommentara på dinne turen ja:)



På kvelden samlast vi med mej:) Då kom der nesten tredobla antall av det som var på fjellturen. Vi koste oss med pizza, bolla og masse spelt. Ein del av oss blei skikkelig hekta på å spele Risk. Til trass for regn og hagl, hadde vi en kjempekosli dag:)

Ingen kommentarer: