onsdag, mars 21, 2007

Mine gode venna:)

+:+:+Friends are like star, you do not always see them,+:+:+
but you know they are always there.











+:+:+Vi kan kome oss gjennom livet utan humor, utan mot, +:+:+
utan rikdom og til og med utan kjærleik. Men eit liv utan vennskap vil vere umogleg.













Kjempe-gla i dokke:)

måndag, mars 05, 2007

Latteranfall, filmmaraton, gigantfiska og slemme minibanka!

Hege og Birthe

Forrige veke var eg så heldig at eg fekk besøk av venninna mi Birthe frå Austlandet. Andre år har eg sett ho kanskje eit par timar når vi har kjørt forbi på vei til Sørlandet, men no hadde vi altså nesten ei heil veke til
å finne på masse sprell:)

Birhte kom seint på laurdagskvelden etter å ha kjørt 10 timar i buss frå Oslo....
Søndag fekk eg vist ho litt rundt på Hareid, noko som tok lang tid skal eg seie deg, for Hareidhar mykje å by på!:) På kvelden kom Helene, Una, Oda og Sara hit, og vi spelte Fantasi.

Måndag var Birthe med meg på skulen. Vi hadde tysk, engelsk, gym og fransk:) Der fekk ho møte sprudlandes Oddny, snille Bitten, seriøse Tor og vimsete Gro + mine kjekke klassekameratar:)

Tirsdag var veka sitt store høgdepunkt! Då reiste vi til byen for å shoppe, besøke i akvariet og skikkeleg kose oss:)
Det er flaut å måtte innrømme at eg aldri har vore i akvariet før, men bedre seint enn aldri:) Her såg vi gedigne fiskar, pittesmå fiskar, krabbe, skilpadde, skjell og andre rare skapningar.


Etter å ha brukt eit par timar på å sjå på sjødyr og (uhyr), tok vi bussen tilbake til Ålesund. Der dumpa vi inn på Let's eat Dehli for å få oss ein matbit før vi starta på shoppinga. Men det skulle visst vise seg at det ikkje blei så masse shopping på oss... Minibanken slukte bankkortet til Birthe og løna mi hadde tydlegvis ikkje komt inn på konto enda... :/ Likevel hadde vi det knall arti! Sprang feil veg i rulletrapper, smakte italiensk is og hadde bad-taste konkurranse på H&M. Vi kom heim med svært så få handleposar, men med mange kjekke og nokre ikkje fullt så kjekke opplevingar..

Onsdag og Torsdag fekk Birthe sove lenge, medan eg måtte slite meg gjennom lange skuledagar... Kveldane brukte vi til pianotimar, pizzalaging, filmmaraton og scrabble;) Torsdagskveld måtte Birthe dessverre reise heim igjen... Men vi er fast bestemt på at vi skal sjåast igjen til sommaren!! :)

Tusen takk for ei kjempekjekk veke, Birthe!!


Bilde frå mi litt uvanlege veke