måndag, august 27, 2007

Arena 07- Spreng grenser

1200 ungdommar og ca 2-300 telt/lavoar/campingvogner invaderte Dvergsnestangen campingplass den 7.-12.august:) Vi var ein ganske stor gjeng i frå Hareid og Ulstein som deltok. Ej budde i telt med Anne, Rebekka, Una, Maria, Anne Sofie, Oda Jonette og Solveig. Foruten om å vere med på aktiviteten min, som var Ballgames, so bada vi, sola oss, spelte volleyball, "Flingo" :), var på kveldsmøte, song, spiste is, blei kjent med nye folk og hadde rett og slett ei strålandes veke!











Ej og Oda sprang forresten noke som heite Chirsc-løp også, der vann vi premie for kreativt kostyme:)

laurdag, august 18, 2007

Obzor 24-31.juli :)

Berit, Helene, Iris, Jeanettte, Oda og ej reiste i sommar til Obzor utafor Sunny Beach i Bulgaria:) Vi hadde rett og slett ei super veke!! Nokre høgdepunkt va å prøve fallskjerm etter båt, bananabåt, ta fotografi i gamle kjola, det suverene hotelle og stranda og rett og slett kor utruli kjekt vi ha d i lag:) Lasta opp ein del bilde i staden for å skrive så mykje...







tysdag, juni 26, 2007

Taekwondo-leir i Fredrikstad 22-24. juni:)


Ej, Anne, Hanne og Simon reiste nedover med bil til Fredrikstad på torsdagen. Kjøreturen va svært lang, men det gjekk jo bra. Hadde masse musikk å høyre på, og Simon va veldi streng på at vi ikkje skulle skippe noken av songane;) Høgt-lesing av kinesiske horoskop gjorde at vi alle drog litt på smilebanda:p Vel framme i Fredrikstad på kvelden, møtte vi dei andre som hadde nytta andre litt raskare reisemiddel:) På morgenen kom dei siste av MUDO Hareid-gjengen, dei ha kjørt bil heile natta og tatt en tur innom Sverige for å hamstre snop:p Oda Jonette kom også om morgenen med tog frå Oslo, kjempe-kjekt å sjå ho igjen! :)

Alle tre dagane va d mange klasse å vere med på! Firkløveret (Ej,Anne, Oda og Hanne) prøvde å få med oss flest mulig treninge:) Vi va bl.a innom slag & spark, sjølvforsvar, poomse, gyang dang(sverd-kamp), mudo basic, Ki og stretching. Følte oss av og til litt dårligare enn alle andre, sidan vi omtrent va dei einaste med kvite og gule belte:p Men, men bra vi lære så masse når vi e så pass nye! Sverd-kamp va noke vi i Hareidsgjengen blei skikkeli hekta på!
Mange av oss kjøpte sverd og vi fekk til og med privattima kun for oss med instruktøren:)

Fredagskvelden var det først MUDO-galla. Kjempebra oppvisningsshow med dyktige utøvarar. Etterpå spiste vi Pizza på peppes.

Laurdags ettermiddagen graderte Thomas sej til svart belte, og han bestod med glans! GRATULERE! :) På kvelden for vi på en lokal pub/restaurant for å sjå fotball kamp feire na Thomas:p Blei litt av en kveld! Vi va vell ikkje i seng før i 4-5 tida:)

Søndagsmorgen klarte Ej, Oda, Anne og Hanne likevel å kome oss opp på Mudo basic kl 9;) Preben graderte sej til grønt, Gratulere:) Vi reiste litt tidlegare heim enn planlagt, for vi va ganske slitne etter helga... Bilturen heim va prega av mykje soving og søling av yoghurt, hehe:p (Bra ta mej:p)
Super helg!!!

onsdag, juni 13, 2007

Konfirmant-gjenforening på Kjeldsund



Mandag etter eksamen så var vi eldste i KRIK-styret med på å hjelpe til på konfirmant-gjenforening på Kjeldsund. Fjorårets konfirmantar samlast til grilling, kano-padling, bading, ball-spel og mimring frå konfirmanttida si:) Vi KRIK'arane va med på å drage i gang aktivitetar:) Det va ganske kaldt i vatne, men nokre av oss va tøffe nok til å ta en dukkert.


Under grillinga blei det litt eksperimentering med grillmaten, der Mario blei utfordra til å ete SVART karbonade med marsmallows og ketchup! Bon appetitt:)


laurdag, juni 09, 2007

Girls just wanna have fun;)

Laurdagen før mange av oss skulle ha eksamen, fann vi ut at det kunne vore deilig å leige badestampen til naboen min:) Så der satt vi då, 8 jente:) Det vart til tide alt for varmt! Så nokre tok turen til Overåsanden for å kjøle seg ned.. Det va jo rundt 20-grade i lufta, så vi fann at badestamp kanskje va meir aktuelt til vinteren...?

Men koslig kveld hadde vi i allefall! :)






tysdag, juni 05, 2007

Liten solstråle


Her ein dag kom Ragnhild og Leah på besøk. Leah fann svært mange ting i gangen vår interessant, t.d slik som sykkelpumpe, blomsterpotte og store speil: Ej og Ragnhild mangla i allefall ikkje underholdning:) Her kjem litt bilde av den søte solstrålen:




Så utrulig skjønn unge:)




















torsdag, mai 31, 2007

Gratulere me 18 års-dagen Helene!! :)

Litt om Helene (den pene:p )

- En av dei vennane ej he kjent aller lengst
- Snill som bærre det!
- Ei jente me mange jobba: Journalist, mix-arbeidar og konvolutt-slikkar på rådhuse;p
- Ho he bl.a intervjua Silje Nergård, Kaizers Orchestra og Odd Nordstoga! Tenk på det du:p
- Kjempa for nynorsken, og særskilt ordet rabbestappe:)
- Svært distre og glømsk.(sykkelhjelm, bank-kort osv..)
- He det alltid kjekt når ej e attme ne=)


Kjenne du ikkje hinne so he du virkeli gått glipp av noke! :)

Ej e kjempeglad i dej Helene harefrøken!! <3

Feiringa
Mi kjempegode venninne heilt i frå barneskulen, blei 18 år den 28.mai!! :) Vi feira dagen hinna inn på ei hytte på Alme. Der hadde vi det utruli kjekt og grilla og kosa oss=) Dessverre hadde nokre av oss skule dagen etterpå(medan andre heldggrisar hadde fri!:S ), så kvelden blei avslutta ikkje så altfor seint..

måndag, mai 28, 2007

KRIK-dag.

Varm dusj, varm dusj, varm dusj... Det va omtrent einaste tanken som gjekk gjennom haudet mitt etter å ha kome ned frå ein ganske så våt og kald fjelltur til Holstadhornet og Skafjellet.. Oppmøtet var det ganske så dårlig med. Ej, Sunniva, Una, Mario, BC og Torstein va dei einaste KRIK'arane som møtte opp... Kanskje fordi ingen av oss hadde fått skikkeleg med seg vérmeldinga?


Véret va egentli heilt greit, heilt til vi skulle ha pause.. En kan sei det slik at engongsgrillen vår fekk møte STOR motstand! :p På toppen av Skafjellet begynte det å hagle og blåse. Det skal ikkje hagle i slutten av mai! Svoltne og kalde bestemte vi oss for å gå ned igjen.

Når vi va nesten heilt nede igjen, titta sola fram, og vi bestemte oss for å ta fram grillen atter ein gong.. Men vérgudane va tydligvis ikkje på vår side denne dagen. Det begynte å regne, men grille skulle vi uansett:p Ved å holde jakke over grillen og nesten bruke opp ei fyrstikk-eske, fekk vi fyr:) Svidd grillmat he aldri smakt så godt før!! Det blei mykje fliring og gode kommentara på dinne turen ja:)



På kvelden samlast vi med mej:) Då kom der nesten tredobla antall av det som var på fjellturen. Vi koste oss med pizza, bolla og masse spelt. Ein del av oss blei skikkelig hekta på å spele Risk. Til trass for regn og hagl, hadde vi en kjempekosli dag:)

torsdag, april 05, 2007

Ny heimeside:)

Gitte var så snill å vise meg en betre stad å lage heimeside, så går nok over til å heller bruke den. Sideoppsettet var litt bedre og meir ting ein kan gjere med heimesida...

Så ny adresse er: www.heegef.wordpress.com :)

Ta deg ein tur då vell:)

Go påske! =)

onsdag, mars 21, 2007

Mine gode venna:)

+:+:+Friends are like star, you do not always see them,+:+:+
but you know they are always there.











+:+:+Vi kan kome oss gjennom livet utan humor, utan mot, +:+:+
utan rikdom og til og med utan kjærleik. Men eit liv utan vennskap vil vere umogleg.













Kjempe-gla i dokke:)

måndag, mars 05, 2007

Latteranfall, filmmaraton, gigantfiska og slemme minibanka!

Hege og Birthe

Forrige veke var eg så heldig at eg fekk besøk av venninna mi Birthe frå Austlandet. Andre år har eg sett ho kanskje eit par timar når vi har kjørt forbi på vei til Sørlandet, men no hadde vi altså nesten ei heil veke til
å finne på masse sprell:)

Birhte kom seint på laurdagskvelden etter å ha kjørt 10 timar i buss frå Oslo....
Søndag fekk eg vist ho litt rundt på Hareid, noko som tok lang tid skal eg seie deg, for Hareidhar mykje å by på!:) På kvelden kom Helene, Una, Oda og Sara hit, og vi spelte Fantasi.

Måndag var Birthe med meg på skulen. Vi hadde tysk, engelsk, gym og fransk:) Der fekk ho møte sprudlandes Oddny, snille Bitten, seriøse Tor og vimsete Gro + mine kjekke klassekameratar:)

Tirsdag var veka sitt store høgdepunkt! Då reiste vi til byen for å shoppe, besøke i akvariet og skikkeleg kose oss:)
Det er flaut å måtte innrømme at eg aldri har vore i akvariet før, men bedre seint enn aldri:) Her såg vi gedigne fiskar, pittesmå fiskar, krabbe, skilpadde, skjell og andre rare skapningar.


Etter å ha brukt eit par timar på å sjå på sjødyr og (uhyr), tok vi bussen tilbake til Ålesund. Der dumpa vi inn på Let's eat Dehli for å få oss ein matbit før vi starta på shoppinga. Men det skulle visst vise seg at det ikkje blei så masse shopping på oss... Minibanken slukte bankkortet til Birthe og løna mi hadde tydlegvis ikkje komt inn på konto enda... :/ Likevel hadde vi det knall arti! Sprang feil veg i rulletrapper, smakte italiensk is og hadde bad-taste konkurranse på H&M. Vi kom heim med svært så få handleposar, men med mange kjekke og nokre ikkje fullt så kjekke opplevingar..

Onsdag og Torsdag fekk Birthe sove lenge, medan eg måtte slite meg gjennom lange skuledagar... Kveldane brukte vi til pianotimar, pizzalaging, filmmaraton og scrabble;) Torsdagskveld måtte Birthe dessverre reise heim igjen... Men vi er fast bestemt på at vi skal sjåast igjen til sommaren!! :)

Tusen takk for ei kjempekjekk veke, Birthe!!


Bilde frå mi litt uvanlege veke