torsdag, januar 25, 2007

Explore 2007


Då va d vell på tide at ej skreiv litt her igjen:p

Nyttårshelga va ej i Lillehammer, for å vere med på årets happening, nemleg KRIK Explore!! Ca 1100 ungdommar + leiarar var samla til ei litt annaleis nyttårsfeiring.

For min del starta turen ganske dårlig med spysjuka dei to første dagane. Heldgivis gjekk det over, og andre dagen va ej klar for å vere med på aktiviteteten min. I alt var det 24 aktivitetetar å velge mellom, t.d fotball, slalom, langrenn og litt meir uvanlege ting som bobkjøyring, electric boogie og isfiske. Min aktivitet blei slalom:) Nybegynner som ej e, va ej litt skeptisk, men d va utruli kjekt å få instruksjon og lære teknikk:)
Utenom aktivitetane på dagtid var det også masse kjekt å få med seg. Morgonmøte, kveldsmøte, bli kjent med nye folk, kveldskafé og karaoke berre for å nemne noke.
Nyttårsafta var heilt spesiell:) Først morgonmøte og aktivitet, deretter pågjekk dusjing og pynting til den store nyttårsmiddagen!
Etter middag var det nyttårsmesse, før vi gjekk i fakkeltog opp til Lysgårdsbakken for å sjå på raketter og ynskje d nye året velkommen.
Kvelden vart avslutta med gode programinnslag og diskotek:) Desidert den beste nyttårsafta i mitt liv!

Det var med litt tungt mot, vi reiste heim neste dag.. Explore var ein fantastisk opplevelse og det anbefalast på det varmaste! :D