søndag, februar 18, 2007

Snowshow på Stranda 26-28 januar

Hevsdalsheimen fekk besøk av omtrent 20 ungdommar under Snowshow på Strandafjellet:) Sjølv med litt dårlege ferjeforbindelsar kom alle seg fram seint fredagskveld.

Laurdag hadde vi ein ypperleg dag i bakken! Rett før trekket stengte, prøvde Martha, Tone og Halle ut noko nytt;p Nemleg å kjøre ned gjennom skibakken i ført badeklede:) Brrr! Kaldt!

Vi laga oss god middag, og på kvelden byrja Snowshowet. Her var det utdeling av gratisprodukt, brølekonkurranse, karaoke og konsert med Idol-Jonas, bigjump og trikse konkurranse på ski/snowboard. Når vi hadde fått nok av kulda rusla vi oss ned igjen til hytta, der vi spelte spel, høyrde på gitarspeling og koste oss med is og snop:)

Neste dag testa ein del av oss jentene ut Roaldsida. Vêret var dårlegare enn gårsdagen og føret likeså. Teknikken min på ski er ikkje mykje å skryte av, og eg sleit skikkelig når vi for heilt på toppen og skulle kjøre i laussnø heile veien ned:p Eg har aldri vore så glad for å sjå botnen av bakken som eg var akkurat då:)

Eg måte reise litt tidlegare heim p.g.a UKM på Hareid:) Men hadde ei strålandes helg og blei bedre kjent med folk på andre sida av Eidet:)

5 kommentarer:

Anonym sa...

steik for en slalomgeek

Frk. HHH sa...

CHECK IT OUT ;)

Kristine sa...

Hey! ;)
Ditta såg nauta arti ut :P
Men ej fikk forresten til å legge til ei gjestebok, men d va nauta til makk da.. :/
Men hvis du registrera dej på
www.ultraguest.com so kan du få ei gratis gjestebok der..
Du fe ei slags "kode" som du må lime inn på sida di.. Jah, vanskeli å forklare ved berre å skrive, men berre spør viss d e noke ;)

Anonym sa...

Hege,æhm.. ej ekje heilt sikker på kordan ej skal fortelle dej ditte.. men ej kan vel egentli bere sei d som d e:

Dersom du he identitetsproblem so e ej der for dej;)


Mr. Hege I presume:P nananaanaaaaNA!

Anonym sa...

hehe :) Sitte her å glisa, kor arrti å lese! D va ei aldeles kjempe arrti helg =) Sjøl om ej blei litt skoffa av at vi ikkje fekk sjå dissa som rende ned i bikini :p
Kamilla =)